Kommunikasjonsmøte 2018 - program og div informasjon

Publisert:Sist oppdatert:

Det årlege møtet for kommunikasjons-medarbeidarar i studentsamskipnadar blir i 2018 arrangert i Molde i dagane 28./29. - 30. mai. Her finner du programmet, litt om dei ulike innleiarane, praktisk informasjon og påmeldingsskjema.

Om programmet

Det er alltid ei utfordring å sette saman eit program som treffer alle. Vi har prøvd å lage eit allsidig program som inneheld både foredrag, ein liten foto/filmverkstad, drøftingar om heilt konkrete arbeidsoppgåver vi veit kjem snart, erfaringsutveksling, walk&talk, ein liten fjelltur for dei som ønsker det, teater, god mat og ikkje minst tid til å bli kjent med dei vi kan ringe til etter møtet og spørje om gode råd. Vi veit at folk er rause på sine idear, og håper ingen er beskjeden på eigne vegne. Vi håper at alle finner nytte i det meste. Velkomen til Molde! 

Komm 2018 Program Ajour 28 05 2018 A

Praktisk informasjon

START & SLUTT

  • Vi startar uformelt måndag kl 18.00 med ein tur til Varden. Om du ønsker å gå delar av turen, er det lurt å ta med tursko. Dei som ønsker det, blir køyrd heilt opp til Varde-stua. (NB - fantastisk utsikt!)
  • Tysdag startar vi det "formelle" møtet. Vi drøyer oppstart til kl 10.30 for at dei som vil, kan kome tilreisande tysdag morgon.
  • Vi avslutter onsdag kl 14.30. Då skal alle rekke sine fly, bussar eller å køyre heim til Trondheim i god tid til Dagsrevyen :-) 

HOTELL

  • Vi har valgt Scandic Hotell Seilet
  • Prisen pr natt er kr 1.050 for enkeltrom og kr 1.250 for dobbeltrom
  • Du bestiller rom via oss på påmeldingsskjemaet.
  • Betaling skjer direkte til hotellet.
  • Om du ønsker å få tilsendt faktura, må det avtalast på førehand. Det gjer du også via påmeldingsskjemaet.  NB. Hotellet aksepterer berre faktura på beløp over kr 5.000, så dette gjelder i praksis berre for grupper.

ØKONOMI

  • REISE - Du ordner og betalar reisa sjølv. (Vi kan hjelpe til med transport til og frå flyplass. Det vil du bli kontakta om).
  • HOTELL - Du bestiller hotellrom på påmeldingsskjemaet og vi samordnar dette med hotellet. Du betalar for overnatting direkte ved avreise, eller får faktura etter avtale.
  • MAT MÅNDAG - Mandag er det ingen måltid som inngår i deltakaravgifta (bortsett frå ein liten kaffetår på Vardestua). På kvelden, på restauranten GLASS, bestiller du det du sjølv ønsker, og betalar for det der og då.
  • ALT DET ANDRE - Deltakaravgifta vil kome på ein stad mellom kr 3.000 og 3.500. Det vil bli sendt ut faktura i etterkant. Dette dekker innleiarar, alle måltid frå tysdag føremiddag til og med lunsj onsdag (mellom anna ein tre rettars middag tysdag kveld og to glass med drikke), teaterbillett, litt skyssutgifter o.l.

KLESKODE...

  • For dei som vil gå opp til Vardestua måndag, er det smart med gode tursko. Vardestua har normalt ikkje opent på denne tida, så det være nyttig med ein god ytterjakke. Ev shorts. Ein veit aldri i Molde :-) 
  • Tysdag har vi mykje, og variert program. Molde er ein liten by, så plana er at vi tar oss tid til å gå frå Seilet til Molde vgs og vidare til Plassen. Vi har ikkje lagt inn god tid til dei store klesskifta. Så vårt råd er: gode sko og klede, som du også kjenner deg vel i når det blir middag på kvelden. På Plassen. (MEN sjølvsagt, vil du skifte, så rekker du det. Og vi har bilar til disposisjon).

ANDRE PRAKTISKE SPØRSMÅL?

PÅMELDING

INNLEIARANE

Nina Langeland2

Nina Langland

Nina Langeland er kommunikasjons-direktør i Student-samskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), som har ansvaret for «Helt ærlig»-kampanjen, Studenthelse.no og for planlegging av lanseringa av resultata frå SHoT 2018. 

Langeland har strategisk kommunikasjon, relasjoner og mediehåndtering som nøkkelkompetanse. Utdannet sosialantropolog fra Universitetet i Oslo. Ho har brei erfaring med endringskommunikasjon, samfunnskontakt identitets- og kulturbygging. 

Nina vil fortelje om kampanjen, og vil innleie til gruppearbeid om korleis vi skal kommunisere resultata frå SHoT på best muleg måte.   

Magnar Fjørtoft A

Magnar Fjørtoft

Magnar Fjørtoft er fotograf og ein anerkjent kurshaldar i fotografering. Han er lærar ved medialina på Molde videregående skole. Magnar har også skrevet boka Digital fotografi i praksis, ei bok som tar for seg meir dei tekniske sidene ved behandling av fotoet. 

På fotoverkstaden vil Magnar ha fokus på å fortelje ei historie ved hjelp av fotografiet. Plana er, mellom anna, at alle skal kunne fotografere sjølv, og at det blir rom for å vise eit utval av desse bilda og drøfte kvalitetar ved desse. Delar av verkstaden vil være saman med dei som vel filmgruppa.

Svein Rune Nyland A

Svein Rune Nyland

Svein Rune Nyland er filmskapar, kulturjournalist og lærar ved medialina på Molde videregående skole. Han har mellom anna laga ei rekke dokumentarfilmar i samarbeid med NRK. Svein Rune har master i filmvitenskap.

På filmkurset vil Svein Rune vise dømer på film og drøfte kvalitetar ved desse. Når blir film den beste måten å fortelje ei historie? Håpet er at du får konkrete tankar om korleis du kan bruke meire film i arbeidet ditt. 

Thomas Bjørnager A

Thomas Bjørnager

Thomas Bjørnager er teatersjef ved Teatret Vårt, regionteatret i Møre og Romsdal. Han er utdanna som arkitekt ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Bjørnager har jobba som scenograf og kostymedesigner i snart 20 år. Han har undervist på Teaterskolen i København og er stadig sensor innen fagområdet. Han har med andre mange års erfaring med å sette ein bodskap, eit manus, inn i ei visuell verd. Har vi noko å lære av ein scenograf? Ein teatermann? Har vi noko å lære om kva «scenografiar» vi velger til våre bodskap?

Eva Bratholm A

Eva Bratholm

Eva Bratholm er kjent for dei fleste. Ho har jobba som journalist og programleiar, mest kjent frå NRK og Dagbladet. Ho har jobba som informasjonssjef i Posten Norge og som informasjonsdirektør i NORAD. Bratholm har også vore ambassaderåd ved Noregs ambassade i Dehli i India. Til oss vil ho dele erfaring frå eit langt liv som journalist og kommunikasjonssjef. Ho vil og fortelje om ulike kampanjar i sin jobb i NORAD. Vi ønsker å følge opp hennar foredrag med diskusjonar i grupper der vi kan dele gode dømer frå vårt arbeid der vi har lukkast, eller kanskje ikkje lukkast, med å kome gjennom med våre nyheiter og kampanjar. 

Midtilivet2 Jpg

"Midt i livet 2"

Kva gjer du når du står midt i livet og ikkje noko er på stell? Særleg er saknet etter damer stort. Kvar gjer du? Jo! Du startar band med dine beste kameratar. Dei unge karane har kanskje det mest utfordrande bodskap å selge inn til mottakar – «Eg er ein du bør satse på!»

Teatret Vårt laga ei framsyning om og med bandet «Kommu9kazjon» i 2016. Eitt år seinare dukka gjengen opp igjen i «Midt i livet 2».  Dette er ei framsyning med raus humor og musikk om midtlivskrise. Ein god start på ein triveleg kveld :-) 

Si Molde Gjengen

Vi gler oss til du kjem :-)