Kva gjer vi med rommet mellom D og E blokka?

Publisert:Sist oppdatert:

I kjellaren mellom D og E blokka er det eit rom på ca 100 kvadratmeter. Det er ikkje heilt avklart kva rommet skal brukast til. Kva meiner du?

SiMoldes styre skal bestemme kva rommet i kjellaren mellom D og E blokka på Campus skal brukast til. Om du fyller ut skjema nedanfor, har du sjanse til å påvirke resultatet. Det har vore lansert ein ide om at rommet kan bli eit trimrom, men det er ikkje bestemt. Er du enig i det, eller har du andre idear?
Av omsyn til boligane/hyblane som er næraste naboar, vil det bli tre ufråvikelege reglar:
1. Rommet må være stengt for aktivitet mellom 23.00 og 07.00
2. Det vil ikkje være lov å bruke alkohol i rommet
3. Det vil være studentane sitt ansvar å halde orden i rommet

Kjellarrommet2